HMS-forum hos Luftfartstilsynet
I 2014 blei det oppretta eit forum for arbeidsmiljø innanfor luftfartsbransjen. Det er her snakk om eit samarbeidsforum mellom Luftfartstilsynet og hovudorganisasjonane til den sivile luftfarten.
Forumet arbeider systematisk med helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (HMS) og skal vere eit sentrum for beskriving og diskusjon av impulsar og trendar i norsk sivil luftfart. Forumet er i tillegg eit organ for informasjonsdeling og kunnskapsutvikling innanfor HMS.
Samarbeid
HMS-forumet samarbeider på følgjande område:
- Utvikling av bransjen
- Arbeidsmiljø
- Arbeidsmiljøstatistikk
- Utvikling av regelverk
- Internasjonalt arbeid
- Informasjonsverksemd
Innsikta som partane har i det gjeldande forholdet og utviklinga i verksemdene, vil gjennom diskusjonar i forumet kunne danne grunnlag for å identifisere mogelege satsingsområde.
Dei som deltek i HMS-forumet er – forutan Luftfartstilsynet – representantar for NHO, Parat, Norsk Flygarforbund, Kabinansattes Forbund og LO/HK. I tillegg har Arbeidstilsynet ei observatørrolle.