Hopp til innhold

Inviterer til innspel om reglane for landingsplassar

Rullebane på en flyplass.
Illustrasjonsbilde. Foto: Realfish on Unsplash

Luftfartstilsynet har starta arbeidet med å revidere forskrifta som regulerer kva landingsplassar som må ha konsesjon, og kva krav som gjeld. No inviterer vi berørte aktørar til å kome med innspel.

Ei konsesjon er eit offentleg løyve som krevst for å etablere, eige eller drive mellom anna lufthamner, helikopterplassar, sjøflyplassar og enkelte andre landingsplassar. Luftfartstilsynet ønskjer no å oppdatere regelverket og inviterer til innspel før arbeidet med den nye forskrifta går vidare.

Ønskjer innspel tidleg i prosessen

– Vi ønskjer innspel både til sjølve forskrifta og til korleis konsesjonsordninga fungerer i praksis. Det kan vere erfaringar med søknadsprosessen, gjennomføring av høyringar eller forslag til korleis regelverket kan bli meir formålstenleg og framtidsretta, seier juridisk direktør Nina Beate Vindvik.

I revisjonen vil Luftfartstilsynet mellom anna vurdere korleis flytryggleiken kan takast vare på endå betre, korleis regelverket kan tilpassast ulike typar landingsplassar, og korleis konsesjonsprosessen kan bli meir effektiv og føreseieleg. Samstundes skal forskrifta framleis bidra til ei trygg, samfunnstenleg og berekraftig luftfart.

Dette er ein tidleg invitasjon til å kome med innspel, og kjem i tillegg til den ordinære høyringa. Eit forslag til revidert forskrift vil bli sendt på offentleg høyring på eit seinare tidspunkt.

Slik sender du innspel

Innspel sender du til Luftfartstilsynet via Digipost eller eFormidling innan 1. oktober 2026, og merkjer med saksnummer 26/09913. Du kan sende både konkrete forslag til regelverket og meir overordna innspel om korleis konsesjonsordninga bør utformast.

Les heile invitasjonen og bakgrunnen for arbeidet i brevet nedanfor.