Hopp til innhold

Korleis klage på eit vedtak

Her finn du informasjon om rettane dine til å klage på vedtak gjort av Luftfartstilsynet, og  korleis du går fram.

1. Klagerett

Du har i samsvar med forvaltingslova rett til å klage over vedtaket som er gjort.

2. Kven kan du klage til?


Klaga sender du til oss i Luftfartstilsynet. Dersom vi ikkje tek klaga til følgje, sender vi den til klageinstansen som i dei fleste tilfelle er Samferdselsdepartementet. I nokre tilfelle vil Helseklage eller Justisdepartementet vere rette instans for saka di. I så fall sender vi klaga 
vidare dit.

3. Klagefrist 


Klagefristen er tre veker frå den dagen du mottek brevet. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagd før klaga går ut. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, bør det opplysast om datoen for når du mottok vedtaket. Dersom du klagar for seint, kan vi sjå bort frå klaga. Du kan søkje om å få forlengt fristen, då må du opplyse om grunnen til dette.

4. Rett til å krevje grunngiving 


Dersom du meiner vi ikkje har grunngitt vedtaket vårt, kan du krevje ei grunngiving før fristen går ut. Ny klagefrist blir då rekna frå den dagen du mottek grunngivinga.

5. Innhaldet i klaga


Du må presisere kva vedtak du klagar på, årsaka til at du klagar, kva endringar du ønskjer og eventuelt andre opplysingar som kan ha verdi for vurderinga av klaga. Klaga må underskrivast.

6. Utsetjing av gjennomføringa av vedtaket


Sjølv om du har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. Du kan likevel søkje om å få utsett gjennomføringa av vedtaket til klagefristen er ute, eller til klaga er avgjort.

7. Rett til å sjå saksdokumenta og til å krevje rettleiing


Du har rett til innsyn i saksdokumenta, med visse avgrensingar. Reglane om dette finn du i forvaltingslova § 18 og § 19. Ta kontakt med oss for nærmare rettleiing om høvet til å klage, om framgangsmåten og reglane for saksbehandlinga.

8. Kostnader ved klagesaka


Du kan søkje om å få dekt utgifter til nødvendig advokathjelp etter reglane om fri rettshjelp. Vanlegvis gjeld visse inntekts- og formuesgrenser. Statsforvalteren eller advokaten din kan gi nærmare opplysningar om dette.

Dersom vedtaket er blitt endra til fordelen din, kan du etter forvaltingslova ha krav på å få dekt vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Klageinstansen vil orientere deg om retten til å krevje denne typen dekning.

9. Klage til Sivilombudet


Du kan klage til Sivilombudet dersom du meiner å ha vore utsett for urett eller feil frå den offentlege forvaltning. For eksempel dersom du meiner at eit vedtak eller ei avgjerd som vi har fatta er feil, eller at saka din har vore behandla på ein feil eller uforsvarleg måte.

Ombodsmannen gjer ei rettsleg, objektiv og nøytral vurdering av klaga di. Det er gratis å klage til Sivilombudet


For mer informasjon, kontakt oss.