Skriv ut
Dette omfattar ikkje nasjonalt regulerte luftfartøy, som til dømes mikrofly/sportsfly eller luftfartøy som har særskilt luftdyktigheitsbevis. For flyging med slike luftfartøy må du sjekka kva ordningar som gjeld i landet du skal flyga.
For å sikre ein einskapleg forståing og praksis rundt soloflyging til utlandet under det felleseuropeiske regelverket, er det viktig at flyskular og instruktørar følgjer klare retningslinjer.
Telefon:
75585000
E-post:
postmottak@caa.no
AFTN:
ENCAYAYA
Civil Aviation Authority Norway
P.O. Box 243
8001 Bodø
P.O. Box 243
8001 Bodø
AIC-N 16/25 1 OKT
Soloflyging til utlandet
Med innføring av felleseuropeiske regelverk er soloflyging til utlandet fullt mogleg. Flyskolane og instruktørane må i slike tilfelle sørgje for at eleven får tilstrekkeleg opplæring i spesielle moment knytt til grensekryssing etc.
Denne ordninga gjeld innanfor området av medlemsstatane i EU og andre land knytt til EØS. Luftfartøyet som vert nytta må vere omfatta av det felleseuropeiske regelverket eller vere tillate til bruk for skuleflyging etter krava i forordning (EU) 1178/2011: Air Crew, DTO.GEN.240 eller ORA.ATO.135. Les meir om dette i AIC-N 04/21 24 FEB
Dette omfattar ikkje nasjonalt regulerte luftfartøy, som til dømes mikrofly/sportsfly eller luftfartøy som har særskilt luftdyktigheitsbevis. For flyging med slike luftfartøy må du sjekka kva ordningar som gjeld i landet du skal flyga.
For å sikre ein einskapleg forståing og praksis rundt soloflyging til utlandet under det felleseuropeiske regelverket, er det viktig at flyskular og instruktørar følgjer klare retningslinjer.
Tilrådingar og retningslinjer:
- Kunnskap om regelverk:
Flyskular må sikre at alle elevar har grundig kunnskap om det felleseuropeiske regelverket, spesielt forskrifter og krav som omhandlar internasjonale flygingar. - Planlegging:
Som alltid må det leggast mykje vekt på flyplanlegging, inkludert ruter, alternativ flyplass, vêrforhold, og luftromrestriksjonar. Elevar bør trenast spesielt i å nytte relevante verktøy og databasar for internasjonal flyplanlegging. - Kommunikasjon og språk:
Elevar må vere kompetente i radiotelefoni og ha tilstrekkelege engelskkunnskapar for internasjonal kommunikasjon, som krevst av ICAO og EASA. - Naudprosedyrar og grensekryssing:
Flyskular bør vurdere om spesielle prosedyrar for naudsituasjonar og korrekt metode for grensekryssing, inkludert toll- og immigrasjonsprosedyrar. Sjølv om luftfarten i høg grad er internasjonalt standardisert, finst det nasjonale variasjonar. - Dokumentasjon og forsikring:
Elevar må vere merksame på nødvendig dokumentasjon for både pilot og luftfartøy, og dessutan forsikringskrav ved flyging i utlandet. Hugs gyldig ID. - Kulturelle og juridiske forskjellar:
Det er viktig å vere medvite kulturelle og juridiske forskjellar som kan variere frå land til land. Dette inkluderer gjerne lokale prosedyrar, praksisar og reguleringar. Det kan finnast nasjonale variasjonar i tolkinga av både europeiske regelverk og internasjonale standardar.
Denne lista er ikkje uttømmande. Det er viktig at kvar enkelt skule tar høgde for relevante forhold knytte til kvar aktuelle flyging. Til dømes har svenske styresmakter gitt følgjande føringar
Sjå under Flygutbildning - praktisk
Soloflygingsbevis
Malen for soloflygingsbevis er oppdatert i tråd med felleseuropeiske reglar. Denne er no tilgjengeleg på engelsk for å passe betre med mogleg internasjonale flygingar. Krava til ein elev som skal fly solo er beskrivne i Part-FCL, FCL.020 Student pilot
VFR-guiden
På nettsida vår finn de VFR-guiden. Denne er eigentleg tiltenkt utanlandske pilotar som besøkjer Noreg, men kan også brukast som referanse og kjelde.